Fredag - instagram lists #feedolist

heifredag

Årdøler! Om du er i Årdal nett no og tenker «hm, eg skulle så gjerne hatt ei ny drikkeflaske/sokkepar/sjokolade/notatbok frå Fredag», så er denne veka perfekt! For mor mi skal jobba i butikken i dag og laurdag og køyrer fram og tilbake. Om du ynskjer å få varene køyrt til Årdal, gjer ei bestilling i nettbutikken og velg «lokal henting» i kassa, så ordnar me resten🛎

heifredag

Y A Y ! 🌟 Det er ei ny veke i butikken, og den startar sterkt med ny sjokoladelevering frå Baru, og nydelege nye termoflasker og krus frå Rifle! Også har eg fått oppdatert nettbutikken så det finst ei fin tilbodskorg der óg, og der finst det masse masse fint no, blant anna sokkar frå Bonne Maison på 40% og andre små skattar - finn ein eigen tilbod-flik i hovudmenyen i nettbutikken.

heifredag

Det vanvittig fine birthday train er tilbake! Har allereie solgt så mange i dag, har 5 att på lager no😅

heifredag

Yes! Planleggarane er tilbake på lager! Og tusen takk til alle som kom innom i dag, de er amazing🥰🥰🥰

heifredag

Masse nye varer i butikken i dag frå Baggu og Quail, YAY! Sjekk ut nettbutikken (heifredag.no) og klikk på linken i profilen for å bli med på nyhetsbrevet vårt som kjem ut i morgon tidlig!💓

heifredag

Yes!! Nye hårklemmer no i butikk og på nett! Sist gong reiv de dei frå hyllene så no har eg bestilt litt fleire typar óg🌟 Ha ein herleg handel, me har ope til klokka 17 i dag, i morgon og fredag. Laurdag 11-15🥰

heifredag

Det er altfor varmt å vera ute, me anbefalar sterkt å bli inne og scrolla i nettbutikken vår🥵Open 24/7! Alle som bestiller over 500 kroner denne helga får ei herleg overrasking i pakken sin📦

heifredag

Ok, de er fantastiske! No har me berre to (!!) birthday trains att, natt- og morgonshoppingen har vore greia i dag💖 Me har óg dette superfine middagssettet i bambus! Og nokre andre ting óg😏 Velkommen innom i dag, 11-17 har me ope i Øyragata 20💒

heifredag

Yay! Birthday train frå @kongessloejd er tilbake! Forrige gong vart dei rivne ut av hyllene, og no fekk me heldigvis tak i fleire🦁🐒

heifredag

Guess who’s back! Me har fått eit heilt lass med sjokolade frå Coco, som no står og pyntar seg i butikken! I tillegg til alle dei vanlige sortane, har me óg fått inn minis! 20 gram. Perfekt til å senda med eit brev eller gi i laurdagsgodt! Velkommen innom på trivelig handel🍫

heifredag

Me har eit lite lager karameller frå Pärlans som har sin best før-dato neste veke, så no er det mulig å få seg nokre vanvittige karameller til ein nokså herleg pris. Bruk rabattkode KARAMELL i kassa, for å få 30% rabatt. Gjeld til lageret er tomt. Ope til 15 i dag!💖

heifredag

Endeleg har me snøkuler/glitterkuler/gledekuler på plass igjen i butikken!🌟

heifredag

Det er marknadshelg! I butikken har me laga ein nyyyyydelig pakke som ein av dykk som handlar i helgi får vinna (sveip for å sjå!)🥰 Komsi koms!

heifredag

Å voksa betyr óg å tilpassa seg, og gjera endringar for å holda det GØY å driva butikk. Det klør i fingrane etter å ta inn nye varer no, etter ein vår full av nye inntrykk og reise og ei ny verd av fine ting. For å overleva som bitteliten butikk på bitteliten plass, må ein alltid pusha seg sjølv. Og for oss betyr det no å skifta ut ein god del av sortimentet vårt, og fri opp plass på lageret. Derfor har me eit stort salg med varer som kjem til å gå ut av hyllene våre, der alt er på 40% tilbud! Det er litt skummelt, men mest spennande. Eg håpar så mange som mogleg vil velga å handla litt tilbudsvarer hjå oss, det betyr alt for oss at de vil voksa vidare saman med oss! I nettbutikken kan de bruka tilbudskode «utavsortimentet», i butikken kjem varene til å ligga sentralt så de kan sjå dei. Tilbudet varar til 10/6! Alle varer som finst på linken i profilen, er på 40%. Treat yo self! 🌟

heifredag

Butikksjefen er på tog gjennom Europa, og håpar å komma heim med nokre spennande nye varemerker til butikken! Men i mellomtiden er butikken open som vanleg, så kom veldig gjerne innom🥰 Ope i dag til klokka 17, i morgon 11-17 og laurdag 11-15. Me håpar å sjå mange av dykk denne veka!💖

heifredag

🤤 Hjelp oss å eta opp desse karamellene! Men seriøst, dei er så gode at dei får far min til å le😆 Dei er håndlaga i Stockholm av økologiske ingrediensar, og det merkast💖 Om du bur i Årdal og vil ha noko frå butikken til 17.mai, send oss berre ei melding her på insta så ordnar me det; med andre ord, mor mi køyrer skytteltrafikk😅

heifredag

Nettbutikken (og synsfeltet mitt) er såååå fullt av deilige nye karameller frå @parlanskonfektyr 🤤 Akkurat i tide til 17.mai! Treat yo self💓

heifredag

Butikken er så herleg denne veka! Me har nye bakesett frå Falcon, gullkroner, eit gult teppe (!!!), fleire typar dyr enn ein kan telja og så. Mykje. Sjokolade. Velkomne! Ope i dag til 17, i morgon 11-17 og laurdag 11-15🥰

heifredag

Ope i dag 11-15! Kom og nyt våren med meg🌟

heifredag

Snop til håret🌟 Elskar desse hårspennene, som er håndlaga av gamle perler i Oslo! I salg no🥰

heifredag

Butikken er full av nye porselensdyr, deriblant eggeglas som er heilt perfekte i påska, med lam og kyllingar og høner, og vasar å sikla over🤤 Me har litt ope i påska, me óg! I dag held me stengt, men me har ope langfredag 11-17 og påskeaftan 11-15. Håpar at mange gamle og nye kundar vil ta turen innom denne veka, ta gjerne med dykk desse som er heime på påskeferie, me elskar besøk🥰 Som ei lita gåve til nettkundane våre har me gratis frakt resten av veka! Bruk rabattkode PÅSKEPOST for å løysa den ut🐣

heifredag

Uglevase på 25%? Bruk rabattkode VÅRSALG i nettbutikken🦉

heifredag

Glitterkrone i gull🌟 Til veldig viktige personar og bursdagar, såklart💓

heifredag

Då eg opna pakken frå @sparklechildlondon i dag sa mor mi «dette er sånt som du ønska deg då du var liten» og det er SÅ sant. Berre at det aldri gikk over, og eg er framleis besatt av glitter🌟 Eg legg dei ut i nettbutikken i dette nu!

heifredag

SALG!🌟 Denne veka feirar me våren med tilbud både i butikk og på nett, med 25% på nesten alle varer! Sjå varene som er på salg i linken i profilen, og bruk kode VÅRSALG for å få 25% avslag (prisane som står i nettbutikken er ordinære prisar, så avslaget ser ein først i kassa!)🌿 Sokkar frå Bonne Maison er på eit EKSTREMT tilbod no som me gjer klar for den nye kolleksjonen. Koden gjeld ut søndag! 📷: Annalise Wood

heifredag

Ein av mine eigne favorittar i butikken no er desse veldig ekstravagante, dekadente pennane. Dei ligg så tungt og godt i hånda! Og det beste med dei er at dei kan fyllast på att når blekket er tomt! For alltid-pennar er dei beste pennane🖊

heifredag

🤤 Nutty thins frå Baru 🤤

heifredag

Kjenner de det? Eit gufs i nakken? Det er berre helgekjensla som smyg seg på💓

heifredag

Våren er komen! I alle fall i butikken, da. Denne posen har eg tenkt å flenga rundt med i sommar🍃🌿 Kan nesten lukta klorofyll allereie!

heifredag

Eg er i butikken i dag frå 10-11 og frå 14-15, i tilfelle nokon vil stikka innom!💓 For to år sidan såg det slik ut her, det er fint å tenka på!

heifredag

Me har mjuke superfine bodyar frå @kongessloejd i butikken no💖 I minste storleik har me nokre med kimono-knapping (den einaste typen body eg har turt å kle mine nyfødtingar i🙈) 🌟 Har opp til storleik 68/74. Ei så omtenksom gåve til nokon som ventar, eller såklart til seg sjølv🏩

heifredag

Me hadde nokre lykkeposar til salgs for nokre veker sidan og då gjekk de bananas! No har eg laga nokre nye gjennomsiktige variantar, men her finst berre éin av kvar - velkomne til nettbutikk og butikk💞

heifredag

Har akkurat pakka ei stor bestilling med babynest, verdens finaste teppe frå @kongessloejd (som var Edda sitt babyteppe) og mange nydelege smørmjuke treleiker. Så heldige ungar!💞

heifredag

Eg inviterer til kurskveld på Fredag, der temaet er mobilfoto og ungar! Å ta bilder av ungane sine er viktig. Like viktig er det at dei bildene ein tar seier noko om korleis me hadde det, om kvardagen og barndommen. No som mobilkamera er så gode, fotograferer me heile tida. Men burde me det? Og korleis burde me tenka? Fotografbilder er også viktige, men det er minst like viktig med bildene ein tek sjølve. Dette er eit kurs for deg som har ungar i alderen 1-10 år. Du som vil få til dei fine kvardagsbildene, og vil ha litt hjelp til korleis å komma seg dit. 28.mars, 18-20:30 i Lærdal. Maks 8 deltakarar. Kjøp din plass i nettbutikken!

heifredag

Me er så stolte over å ha fått inn fotoboka til Signe Fuglesteg Luksengard, eit portrett av heimbygda hennar, Leveld. Den gir meg ei så akutt kjensle av heime, av det normale, av bygde-Noreg, sjølv om det óg er eksotisk fordi det så distinkt ikkje er min heim. I nettbutikk og butikk denne veka! 📷 @signeluksengard

heifredag

Me har butikken full av flodhestar! Men ver ikkje redde! Dei er jo fylte med salt karamell, hasselnøttrøffel og honningmandel 🦛💞 Så da er denne helga redda óg! Ope i dag 11-17, i morgon 11-17 og laurdag 11-15. Velkomne🌟

heifredag

Godt nytt år, elsklingsfredagsvenner💓 Her er det champagne og den gode samtalen som gjeld. Tusen takk for i år, og til lykke med det neste!👯‍♀️

heifredag

I dag er vår siste dag i butikken før jul, og siste dagen me har butikk i Årdal. I dag køyrer me tilbud på julevarer i begge butikkar, nokre ting nedsatt med så mykje som 40%🤶🏻 Og om du er ferdig med gåvehandelen, kanskje du ynskjer deg ei god bok eller ei ny håndsåpe til jul? Ein fersk 2019-kalender? Eit fint kort å skriva ei helsing på? Eit sitteunderlag til å ha i bilen når det blir sprengkaldt att? Backgammon til romjula? 🎅🏼 Kom inn, velkomne!

heifredag

JULETILBOD! ENDELEG er dei her, Sognefjordbrettet, Lærdalsfjøler og Årdalsfjøler! Bretta kostar vanligvis 400, fjølene 275. Me køyrer eit kombinasjonstilbud no i helga! Desse bestillingane kan hentast frå begge butikkar torsdag i neste veke. De får kjøpt 2 fjøler for 500 eller 2 brett for 700. ELLER så kan de kombinera fjøler og sitteunderlag (altså eitt sitteunderlag og éi fjøl) for totalt 500. ELLER så kan de kombinera Sognefjordbrett og Lærdalsplakaten eller Årdalsplakaten for totalt 700. For å bestilla dette, kan du Vippsa beløp til oss ved å søka opp Hei Fredag AS i «betal»-funksjonen i Vipps. Merk bestillingen med kva du skal ha (kva type fjøl, kva type plakat, kva farge sitteunderlag). Enn så lenge er bretta og fjølene berre i butikk i Lærdal, men så snart me får frakta dei til Årdal kan dei hentast der óg såklart. Lærdalsplakaten har me berre att to av i butikken, men me trykker opp fleire i neste veke. Desse kan óg forhåndsbestillast og hentast på torsdag, på samme måte som over. Dei kostar 400. Tilbudet gjeld ut tysdag 18.desember.

heifredag

Me er like ved bestillingsfristen for julepost (me må ha alle bestillingar innan midnatt på fredag for å garantera st dei kjem fram til jul!), men det kjem stadig inn nye varer! No er nettbutikken full av nye Baggu-posar, masse herlege porselensdyr og nydelege gåvebøker! God julehandel💓

heifredag

Desse flaskene er tydelegvis julegåva 2018! Men me har framleis nokre att både i Lærdal og Årdal (og på nett!), så kom gjerne innom!🤩

heifredag

Har lagt opp ei lita mengd julepynt i nettbutikken no! No er det skikkeleg innspurt på netthandelen, berre fire dagar att! Laurdag sender me pakkar, men etter det kan me ikkje garantera at ting kjem fram i tide før jul📯

heifredag

Kva skal du ha på veggen i 2019? Me har enkle veggkalenderar frå @kartotekcopenhagen og blomstra variantar (min eigen favoritt) frå @riflepaperco. Eg har allereie byrja å fylla ut 2019-kalenderen med reiser og bursdagar, ein så fin desemberaktivitet (med pepperkaker attåt, såklart)📆

heifredag

Desse fantastiske drikkeflaskene med mønster frå @riflepaperco får me inn om få straksar! Rustfritt stål som held det kalde kaldt i 25 timar, og det varme varmt i 12 timar. Kan kjøpast i nettbutikken no💞

heifredag

Gåveguidar!🍯 Eg har laga nokre gåveguidar til dykk som de kan bruka når de handlar julegåver! Tenk at no er det berre 11 dagar att med netthandel for denne jula! Hugs at me gjerne pakkar inn gåver og sender dei dit dei skal leggast under treet🎄Sender pakker både i morgon, fredag og laurdag📮 Link til guide i bio!!

heifredag

Dei nye verktøybøkene (for det vil eg faktisk kalla dei!) frå @kartotekcopenhagen er så sjukt fine, og eg har gledd meg til dei skulle komma og til eg sjølv skulle få byrja å bruka dei🧷 Den første eg tek i bruk er den som heiter Goals, som er eit verkeleg verktøy mot å nå mål (på jobben eller i det private). Julie, som står bak Kartotek, er i utgangspunktet psykolog, og ho har utvikla denne boka for at den skal vera mest mogleg effektiv i å nå mål og varig endra vaner. Den perfekte kompanjongen å gå inn i det nye året med📚

heifredag

God søndag, fine folk🤶🏻 Nettbutikken flust av nye digge varer og superfine gåver!💞 Adventskalenderar på eit bra tilbud. Alle bestillingar går med posten i morgon. Velkomne velkomne💌

heifredag

Edda vil få ynskje alle ein nydeleg Fredag! Ho tykkjer me har mykje fine julegåver i både Lærdal (Øyragata 20) og i Øvre Årdal (Storevegen 3)💖 Ope i dag til klokka 17, i morgon 11-15! 💌

heifredag

Pappa her i huset fekk sjølvsagt gåve frå Fredag i går! Nydelege noveller av Tove Jansson, og månesokkar🌛

heifredag

Kvifor startar ein butikk? Nokre gjer det for å ha ein jobb, skapa sin eigen arbeidsplass. Eg starta butikk for å ha ein plattform. Der eg kunne gjera alle morsomme ting som eg før ikkje har hatt ein grunn til å gjera. Designa produkt, ha arrangement, invitera framande på kveldsmat ein vinterskveld. Og no har me på Fredag gjort det absolutt finaste hittil. For nokre måndader sidan gav me den nord-irske illustratøren Pádhraic Mulholland (@padhraic_mulholland), som no bur i Kaupanger, i oppdrag å teikna Øvre Årdal og Lærdal, i stilen frå gamle postkort. I går kom dei ferdige plakatane i mailinnboksen, og eg er så intenst stolt av dei. Dei skal trykkast lokalt, såklart, hjå @printfarm.no, også kjem me til å selga dei i A3-format i butikkane våre no før jul 🤶🏻